Skrevet av Lisa Ugelvik, mai 2019
For meir eller mindre akkurat fire år sidan var eg og venninna mi Ingrid på veg heim frå eit bryllaup da eg vart oppringt av eit ukjent nummer. Eg var nyutdanna bibliotekar og hadde bestemt meg for å finne jobb kvar som helst i Nord-Noreg. Sidan eg var midt i ei forbikøyring i 110km/t heldt Ingrid telefonen min på høgtalarfunksjon framfor meg. Det var biblioteksjefen ved Sør-Varanger bibliotek i Kirkenes, ho kunne fortel meg at jobben eg i utgangspunktet var tredjevalet på og hadde fått avslag på (og derfor ikkje hadde lagra nummeret til) plutseleg vart tilboden meg likevel. Småpaff svara eg eit ”neida, eg har ikkje lege andre planar, så eg kan ta den eg altså!”, takka for samtalen og hadde eit småeuforisk latteranfall med Ingrid.
Fire månadar og tre google-søk seinare flytta eg til Kirkenes, ein stad eg ikkje kunne plassere på Noregskartet for fire månadar sidan. Etter fire dagar reise frå heimbyen Molde nådde eg den andre sida av E6 og Kirkenes sentrum kor eg besøkte Jokern på torget for umiddelbar næringspåfyll. Eg skjønte kor langt eg hadde køyrd når alle rundt meg prata russisk. Eg visste godt at Kirkenes låg på russergrensa, det hadde jo Noregskartet fortalt meg for svært få månader sidan, men alle desse russisktalande folka rundt meg på småbutikken Joker gjor at eg for første gong forstod at Russland er nabolandet til mitt eige heimland. Eg fann også fort ut at Aust-Finnmark har ei særs rik historie (spesielt under andre verdskrig) som er ekstremt underformidla i resten av Noreg. Plasseringa på grensa mellom aust og vest har naturleg nok gjort Sør-Varanger og Kirkenes til ein høgt relevant geopolitisk stad og eg er så enormt takksam for alle dei små tilfelle som gjor at eg hamna nettopp her. (Ein stor takk til dei to bibliotekarane som takka nei til denne jobben og moglegheita!)
Kirkenes er den minste byen eg har budd i, her kjem det naturleg for mange å tenkje at det gjer tilværa primitiv og keisam, men eg har fått møte så utruleg mykje engasjerte folk og fått så mange moglegheiter som eg nektar å tru eg hadde fått høve til å gjer på ein større stad. Det sosiale livet i Sør-Varanger er speglar eit utprega mangfald av nasjonar, profesjonar, utdanningar, interesser og historier. Båe tilflyttarane og lokalbefolkninga er opne, inkluderande, kreative og særeigne. Eg har vorte inkludert inn i musikk- og kunstverda og fått utforske og utfordre så mange av mine eigne grenser og horisontar. Å synge og spele på torgscena under lokalfestivalen Kirkenesdagene er noko eg ALDRI hadde trudd eg skulle få sjans eller nervar til å gjere.
I arbeidslivet har eg fått tildelt stor tillit og veldig mykje ansvar som eg veit at folk i same stilling i storbyane berre kunne drøyme om. Eg har fått reist på studietur til Petrozavodsk og Murmansk, starta band og reise på turné med barneførestilling, arrangert og koordinert med store festivalar og samarbeidspartnarar som Finnmark Internasjonale Litteraturfestival og Barents Spektakel. Eg fekk til og med prøve meg som biblioteksjef i to år.
Eg må ærleg innrømma at nordlyset var ein av dei største drivkreftene som drog meg nordover og det har levert noko så til dei grader. Frå vestlandet er eg ikkje vore vane med nordlys og kalde vintrar. Eg synst det er storstas å sparke heim frå jobb i mørketida med nordlyset dansande over meg. Naturen er så annleis enn resten av landet og er stadig like eksotisk. Finnmarksvidda, Bugøynes, Barentshavet, Grense-Jakobselv, Pasvikdalen, Vardangerhalvøya, Sandnesdalen; eg er vorten trollbunden av Finnmark i båe natur og kultur.